Ryddig eller ordrett
Vel lettlesen tekst for vanleg bruk, eller ordrett tekst når sitat og formuleringar må bevarast.
REN / FRÅ MOSKUS AI
Ren transkriberer møte, intervju, podkast og foredrag med norske språkmodellar. Lyden blir verande på Mac-en din heile vegen.
Personvern først
Møte, intervju og opptak kan innehalde informasjon som ikkje høyrer heime i ei tilfeldig skyteneste. Ren køyrer både talegjenkjenning og kvalitetsverktøy lokalt.
Resultatet er ein praktisk arbeidsflyt for norsk lyd: slepp inn fila, vel teksttype, målform og talarar — og få eit utkast som er klart for menneskeleg gjennomgang.
Be om ein demonstrasjon ↗
Laga for norsk arbeid
Vel lettlesen tekst for vanleg bruk, eller ordrett tekst når sitat og formuleringar må bevarast.
Vel målform før køyring, slik at teksten kjem nærare uttrykket du faktisk skal bruke.
Ren skil mellom talarar i møte, podkastar og intervju og merkar dei i teksten.
Legg fleire episodar i kø, eller hent dei direkte frå ein RSS-feed og la Ren arbeide vidare.
Lær Ren namna og fagorda dine. Moglege feilhøyringar blir flagga, ikkje endra i det stille.
Kopier teksten eller last ned Word, rein tekst og undertekster med tidskodar.
Vi tek utgangspunkt i ein arbeidsprosess de kjenner, og viser korleis produktet kan brukast.