Moskus AI
Ta kontakt
← Tilbake til Moskus

DETTE KAN VI LAGE FOR DEG

Frå ein god idé
til noko som verkar.

Du treng ikkje ha ein ferdig plan. Vi finn retninga saman og koplar design, innhald og utvikling til det du vil få til.

Ein familie ser utover sjøen på Nordøyane
Nordøyane.com. Frå lokale stader og historier til ein felles digital heim.

01 / DETTE LAGAR VI

Nettsider og portalar

Vi samlar identitet, tekst, bilete og funksjonar i ein nettstad folk finn fram i og får lyst til å bruke.

Retning og design · Innhald · Utvikling · Lansering
Den illustrerte øya Maram, med fjord, fjell og hus
Maram. Ei verd der barna kan lytte, spele sjakk og utforske ein gard.

02 / DETTE LAGAR VI

Spel og læringsopplevingar

Vi byggjer interaktive verder der figurar, forteljingar, lyd og spelmekanikk heng saman. Opplevinga tek utgangspunkt i den som skal bruke henne.

Figurar og univers · Interaksjon · Spelutvikling · Lyd og tekst
Ein medarbeidar filmar ei markering med mobiltelefon
EWTN Norge. Opptak, tekst og grafikk som inngår i ein redaksjonell arbeidsflyt.

03 / DETTE LAGAR VI

Video og innhald

Vi hjelper med manus, opptak, etterarbeid, grafikk og publisering. Ein felles stilguide gir retning for både enkeltproduksjonar og løpande innhaldsarbeid.

Manus og opptak · Film og lyd · Grafikk · Publisering
Ren-appen med val for teksttype, målform og talarskilje
Kontor og Ren. Frå norsk lyd til tekst. Frå oppdrag til eit kontrollert utkast.

04 / DETTE LAGAR VI

Verktøy og arbeidsflyt

Vi tek utgangspunkt i ein konkret arbeidsprosess og finn kvar KI og eigne verktøy kan hjelpe. Menneske set rammene, kontrollerer og godkjenner.

Kartlegging · Prototype · Integrasjon · Oppfølging

Kva vil du få til?

Eit konkret problem, eit prosjekt du vil vidare med eller ein idé som enno er litt laus. Vi tek det derfrå.

Fortel om ideen din ↗